Hovedside     Jaktårbok     Trofèrommet     Våpen&Utstyr     Mat     Video     Jaktlaget  

Undermenyer

  Annonsering

  E-post adresse?

  Gevirbedømming

  Gjestebok

  Hva skjer nå?

  Jakt i utlandet

  Jaktbart storvilt

  Jaktblader

  Jaktleverandører

  Jakttider

  Jakttips!

  Jaktturer

  Jaktutleie

  Jegerregisteret

  Kontakt oss

  Lover og regler

  Nyttige linker

  Slakting

  Utstopping


Reinsdyrdågå i Lom 13. - 15. oktober 2006

I høgfjellskommunen Lom har vi både villrein og tamrein. Vi har også dyktige kokkar som nesten dagleg har rein på menyen. Lom er eit attraktivt reisemål, med Reinsdyrdågån vil vi syne at det er fint å reise hit andre gonger enn berre midt på sommaren. Vi vil også lage eit arrangement som er eit samlingstiltak for nærmiljøet. Vi vil setje fokus på at vi i distriktet vårt driv næring i pakt med naturen i nasjonalparkane kring oss, og at reinskjøtt frå distriktet er sunn og næringsrik stuttreist mat.

13.-15. OKTOBER 2006

Lom Tamreinlag, reiselivsnæringa og anna næringsliv i Lom inviterer til:

Reinsdyrdågå i Lom 13. - 15. oktober 2006. Dette er det meininga skal bli eit årleg haustarrangement i Lom. Reinsdyrdågån er lagt til Lom sentrum og dermed integrert i det øvrige handelsbildet. Vi har som mål å trekkje folk frå heile landet til dågån og har tru på at dette skal bli ein skikkeleg folkefest i Lom sentrum med litt av kvart å oppleve.

Av programmet kan nemnast reinsdyrkonkurranse, matkurs for barn, helikoptertur over Jotunheimen, kulturkveld, kurs i partering og bruk av vilt, salg av grilla rein, musikkinnslag, salg av mat laga av reinskjøtt, oktoberfest, lysbildekåseri av reingjetarar, salg og demonstrasjon.
PROGRAM
Førebels program Reinsdyrdågån i Lom sentrum 13. - 15 oktober 2006:

Fredag 13. oktober:

kl. 20.00: Kulturkveld i Storteltet ved Coopen. Offisiell opning av Reinsdyrdågån.

Laurdag 14. oktober:

Kl. 10.00 Salgsbodene opnar. Musikkinnslag med lokale aktørar. Aktivitetar og konkurransar for barn og vaksne. Helikopterflyging over Jotunheimen. Airlift.

Kl. 12.00 Salg av mat av rein og drikke i Storteltet.

Kl. 14.00 Kurs i partering av rein og korleis dei ulike delane kan nyttast. Kursdeltakarane er med på trekninga av to reinsskrottar.

Kl. 16.30 Norsk Fjellmuseum: Lysbildekåseri i Auditoriet. Utstillinga om rein i Jotunheimen er open. Markering av 80 års jubileum Lom Tamreinlag. Markering av 60 års jubileum Samarbeidsutvalget for Tamreinlaga.

Kl. 21.00 Fest i Storteltet. LoMsk og Celters spelar. Sal av mat og drikke.

Søndag 15. oktober:

Kl. 12.00 Salgsbodene er opne. Aktivitetar og konkurransar for barn og vaksne. Helikopterflyging over Jotunheimen. Airlift.

Kl. 12.00 Matkurs for barn. Sal av grilla rein, finnbiff og drikke i Storteltet.

Kl. 16.00 Avslutting av Reinsdyrdågån 2006. Programmet vil heilt sikkert bli endra/utvida. Kristoffer Hovland, Ståle Johansen og Svein Garmo ved Fossheim Hotell og Morten Schakenda ved Bakeriet i Lom vil saman med medhjelparar gje kurs, servering og drikke ein høg fagleg kvalitet og spe på med nytting informasjon.

Sjå meir og last ned brosjyre på på www.visitlom.com
Kontakt: Torunn Kjøk, Tlf. 90738489 tkjok@online.no
Utstillingsplass: Visus as, tlf. 61211003 visus@online.no




Utskriftsversjon
 
 
Link
Link
Link
Link

JEGERPORTALEN

SEND MAIL


SEND MAIL


SEND MAIL