13.-15. OKTOBER 2006
Lom Tamreinlag, reiselivsnæringa og anna næringsliv i Lom inviterer til:
Reinsdyrdågå i Lom 13. - 15. oktober 2006. Dette er det meininga skal bli eit årleg haustarrangement i Lom. Reinsdyrdågån er lagt til Lom sentrum og dermed integrert i det øvrige handelsbildet. Vi har som mål å trekkje folk frå heile landet til dågån og har tru på at dette skal bli ein skikkeleg folkefest i Lom sentrum med litt av kvart å oppleve.
Av programmet kan nemnast reinsdyrkonkurranse, matkurs for barn, helikoptertur over Jotunheimen, kulturkveld, kurs i partering og bruk av vilt, salg av grilla rein, musikkinnslag, salg av mat laga av reinskjøtt, oktoberfest, lysbildekåseri av reingjetarar, salg og demonstrasjon.
Fredag 13. oktober:
kl. 20.00: Kulturkveld i Storteltet ved Coopen. Offisiell opning av Reinsdyrdågån.
Laurdag 14. oktober:
Kl. 10.00 Salgsbodene opnar. Musikkinnslag med lokale aktørar. Aktivitetar og konkurransar for barn og vaksne. Helikopterflyging over Jotunheimen. Airlift.
Kl. 12.00 Salg av mat av rein og drikke i Storteltet.
Kl. 14.00 Kurs i partering av rein og korleis dei ulike delane kan nyttast. Kursdeltakarane er med på trekninga av to reinsskrottar.
Kl. 16.30 Norsk Fjellmuseum: Lysbildekåseri i Auditoriet. Utstillinga om rein i Jotunheimen er open. Markering av 80 års jubileum Lom Tamreinlag. Markering av 60 års jubileum Samarbeidsutvalget for Tamreinlaga.
Kl. 21.00 Fest i Storteltet. LoMsk og Celters spelar. Sal av mat og drikke.
Søndag 15. oktober:
Kl. 12.00 Salgsbodene er opne. Aktivitetar og konkurransar for barn og vaksne. Helikopterflyging over Jotunheimen. Airlift.
Kl. 12.00 Matkurs for barn. Sal av grilla rein, finnbiff og drikke i Storteltet.
Kl. 16.00 Avslutting av Reinsdyrdågån 2006. Programmet vil heilt sikkert bli endra/utvida. Kristoffer Hovland, Ståle Johansen og Svein Garmo ved Fossheim Hotell og Morten Schakenda ved Bakeriet i Lom vil saman med medhjelparar gje kurs, servering og drikke ein høg fagleg kvalitet og spe på med nytting informasjon.
Sjå meir og last ned brosjyre på på
www.visitlom.com